Nyttige snarvegar: Klassereglar - Styret - Rankingpokalar - Terminliste - Falne Seileres Pokal - NM Oselvar - Norgesmestere i Oselvar siden 1978 - Informasjon om boka Oselvaren – den levande båten
Oselvarklubben er ein felles klasseklubb for dei regattarigga Oselvarbåtane og seglarane deira. Føremålet til Oselvarklubben er:
  1. Å fremja seglarinteressa og arbeida for auka utbreiing av Oselvaren som seglbåt.
  2. Å ta vare på Oselvarseglarane sine felles interesser utad.
  3. Å forvalta felles klassereglar for Oselvarbåtane. Klassereglane vert godkjende og administrerte av Noregs Seglforbund.
  4. Å tildela båtane registreringsnummer og føra register over båtane.
Illustrasjonsbilde

Bakgrunnen for Oselvarklubben

Oselvaren har vore nytta som regattabåt samanhengande heilt sidan slutten av 1800-talet, med unntak i krigsåra 1940-45. 27. august 1945 vart Bergen og Hordaland Seilersamband skipa for å skapa så like tilhøve som råd mellom tevlande Oselvarar frå ulike båtlag. I tillegg laga BHSS terminlister for kvar sesong. Då Norges Seilforbund vart stifta i 1970 vart den organiserte seglsporten innlemma i Norges Idrettsforbund. Norges Seilforbund og Hordaland Seglutval (frå 1978: Hordaland Seilkrets) tok over oppgåvene og funksjonane som BHSS tidlegare hadde hatt.

Denne utviklinga gjorde det meir gunstig for Oselvaren å få sin eigen klasseklubb, tilliks med andre regattaklassar. 18. februar 1974 vart difor BHSS omorganisert og skifta namn til Oselvarklubben. I 1978 vart Oselvaren godkjent av NSF som nasjonal klasse. Dermed hadde ein høve til å arrangera eigne Noregsmeisterskap for Oselvarar.

Tradisjonsbåt brukt til kappsegling

Av dei norske tradisjonsbåtane er kappseglingsutgåva av Oselvaren på mange måtar yttarleggåande. Det er fartseigenskapane som står i høgsetet under byggjinga av ein kappseglingsoselvar. Dei vert ofte bygd noko skarpare og rankare enn Oselvaren elles.

Utfordrande båt å segla

Måten ein seglar Oselvar på skiljer seg klart frå andre norske tradisjonsbåtar: båten vert heile tida pressa til det maksimale av kva båten og riggen kan tola og kollseglingar er ein del av spelet, men heldigvis ikkje så ofte. Sportsleg sett er Oselvaren fullt på høgd med moderne jollebåtar og kan by på alle dei utfordringar som ein seglar måtte ynskja seg både når det gjeld teknikk, krav til tolmod i lite vind og fart og spaning i mykje vind.

Dei ulike Oselvarlaga

I dag har 5 lag aktive Oselvarmiljø: Båtlaget RAN i Anglevik, Hjellestad Seilforening, Milde Båtlag, Austevoll Seilforening og Båtlaget Njord/Tysnes. Sesongen varer frå juni til september og ein aktiv Oselvar-seglar kan få med seg omlag 10 regattaer kvart år.

Ulike klassar

Den største klassen i dag er Spriseglklassen. Der har båtane 8 kvm. sprisegl. Men det vert også segla Oselvarar med bermudarigg med ulike storleikar på segla: 8. 10, 15 og 20 kvm. Det vert arrangert Noregsmeisterskap kvart år, i 2005 på Korsfjorden av Milde Båtlag.

Kven kan bli medlem i Oselvarklubben?

Alle som vil støtta opp om Oselvarseglinga, anten gjennom aktiv deltaking på regattabanen eller på annan måte gjera sitt til at klubben får gode arbeidsvillkår, kan verta medlem. Merk at Oselvarklubben er ein klasseklubb og ikkje ein seglforening. For å delta i kappseglasar lyt minst ein av mannskapet ombord i båten vera medlem i ein seglklubb som er tilsluttta NSF.